Folkemusikkgruppa Hørkelgaddan

HG   1974   1975   1976   1977   1978   1979   1980   1981   1982   1983   1984   1985   1986   1987   Produksjoner/utgivelser

Hørkelgaddan

Av Øyvind Skjelstad Husby

Hørkelgaddan er i dag ei gruppe på fem karar, tre frå Nordmøre, ein frå Romsdal og ein frå Lesja, som spelar slåttemusikk frå Nordmøre. Dei 4 førstnemnde har spela saman sidan dei gjekk på gymnaset og fram til no. Gruppa hadde si glanstid i 70-åra og først i 80-åra, da det gjekk ei folkemusikkbølgje over heiie Skandinavia. Musikken til gruppa har endra seg mykje sidan den gongen. Da var dei svært så fanatiske og ville ikkje spela moderne musikk som tango og swing. Men i dag spelar dei også moderne musikk, attåt gammeldans og folkemusikk. Dei siste åsa har ikkje gruppa jobba med noko storprosjekt. «Vi reknar med at Hørkelgaddan som orkester har gått over i historia, sjøl om vi kan komma saman og spela av og til», seier Helge Husby, ein av medlemmane.

Det heile tok til da Tor Erik Jenstad og Rolf Kristian Holte gjekk i niandeidassen på ungdomsskulen på Sunndalsøra. Dei vart spurde om å spela på elevkveldar. Tor Erik spela trekkspel og Rolf gitar. Dette vart ein stor suksess, og gutane spela ofte når skulen skulle ha ei tilstelling.
Namnet Hørkelgaddan var det Tor Erik Jenstad som la på. Dette uttrykket hadde han høyrt av Peder øver-Jenstad, ein nabo frå Jenstad i Sunndalen. Han hadde bruka dette skjeilsordet da ein mann kom inn døra og snubla og rota til golvrnattene. Etter at Hørkelgaddan hadde gjeve ut to plater og vorte nokså godt kjende på Nordmøre, vart det ein interessant debatt i avisene omkring namnet. Det vart skrive mange les arbrev om emnet. Nokre meinte det var ein tørr stubbe, andre meinte det var ein som rota og laga uro.

Da Tor Erik og Rolf Kristian tok til på gymnaset på Tingvoll i 1974, møtte dei Arild Hoksnes frå Aukra. Han vart med som bassist. Helge Husby frå Tingvoll, ein klassekamerat av Arild, vart seinare på hausten same året med på fele. Det var da interessa for den gamle slåttemusikken vart tent i Hørkelgaddan. Ein kan seie at det var i 1974 at Hørkelgaddan som gainmeldansorkester vart skipa, sjølom altså to av gaddane («urgaddan») hadde spela i lag i eit par år alt. Første gongen dei spela til dans på offentleg fest var 4. juledag på ungdomshuset på Gyl.
I 1976 tok Arild til å spela fele. Dette gjorde at Baard Aarnes vart med på bass. (I 1989 slutta han og Jostein Sveen frå Lesja, busett i Trondheim, vart med. Han spelar trekkspel, synthesizer, steelgitar m.m.)

Musikken som Hørkelgaddan spelar

Mykje av den musikken som Hørkelgaddan spelar, har dei samla sjølve. Dei har reist rundt til gamle spelemenn på Nordmøre og i Romsdal og gjort opptak, eller dei har sete i lag med dei og spela og lært strøk for strøk. Trygve Ørsal frå Straumsnes er kanskje den spelemannen som har komme med flest slåttar. Han lærte Hørkelgaddan mange gamle slåttar som far hans, Halivard Ørsal, hadde komponert. Gjennom dette arbeidet tok gruppa vare på mykje gammal lokal musikk som elles ville ha gått i gløymeboka. Trygve Ørsal døydde nemleg for nokre år sidan. Plata «Ørsalmusikken» rnneheld herre musikk etter Trygve og Hallvard ørsal. Fleire spelemenn har ôg spela inn på band sjøle og gjeve Hørkelgaddan kopiar av banda.
Hørkelgaddan har samla inn mest tusen slåttar frå Nordmøre. Ein del av desse har dei sendt inn til Norsk folkemusikkarkiv. Der har Sven Nyhus skrive ned slåttane på notar. I 1981 gav Hørkelgaddan ut «Danse, danse, dele», eit hefte med notar og tekst frå to av platene deira (Slåttonn og Tøffelmusikk).
Mange tenkjer på spelemenn som spelar fele når dei høyrer ordet folkemusikk. Men fokemusikk er ikkje berre felespel. I instrumentkassane sine har dei hatt både toradar, mandolin, fløyte og bukkehom, attåt dei meir vanlege folkemusikkinstrumenta som vanleg fele, hardingfele, gitar, bass, kontrabass og trekkspel.
I førstninga heldt Hørkelgaddan seg til vals, reinlender, pols, springpolka, masurka, pariserpolka og skotsk (hoppvals). Men etter kvart som dei tok til å spela på festar, tok dei og med nyare dansemusikk, swing, tango og annan meir moderne musikk, sjøl om det ikkje var den type musikk dei helst ville spela.

Plater

Etter kvart som repertoaret auka, fekk Hørkelgaddan lyst til å spela inn plater, slik at folk som ikkje hadde høyrt dei «live», også skulle få høve til å lytta til musikken dei hadde samla og spela.
Her kjem eit oversyn over platene åt Hørkelgaddan:
"OPPSONG FOR NORDMØRINGAR" 1975
Dette var den første plata der Hørkelgaddan spela. Det var torjulvågingen OttarRoaldset, somhaddestartaplateselskapetOppsong i lag med Hørkelgaddan, Vårsøg, Stig Nilsson, Eva Peggy Stensønes som fekk gruppa med på plata. Speiemannen Ola Kallset, Eva Stensønes og Torjulvågen Songlag var også med på denne plata. Ottar Roaldset grunnla plateselskapet fordi «Dei etablerte plateselskapa reknar heile tids etter kva som løner seg, det fører til at mykje verdifullt aldri kjem på plate fordi det ikkje er pengar å gjera på det. Denne plata er laga for å bøte på noko av dette,» skriv han på plateomsiaget.
Hørkelgaddan hadde fem slåttar med på denne plata.
"Slåttonn" 1977
Også denne plata var det Oppsong A/L, med Ottar Roaldset som produsent som stod for. Men på «Slåttonn» var det berre Hørkelgaddan som spela. Musikken var frå Nordmøre. Her var det slåttar etter Trygve Ørsal, Ola Kallset, Erik Husby og Harald Haltvik. Den sistnemnde kom med fire slåttar til plata, mellom dei «Havdalsslåtten» frå Havdalen på Meisingset. I denne slåtten var hoppa og stega så markerte at Haltvik ikkje torde spela han utan at han var sikker på at golvåsane var sterke nok!
"Tøffelmusikk" 1981
Dette var den tredje og Siste plata til Hørkelgaddan hos Oppsong A/S. På denne plata finn vi «14-åringen», ein masurka Ola Romundset frå Aure på Nordmøre laga da han var 14 år gammal. «14-åringen» vart innspela med fleirsporsteknikk, slik at det kling som åtte feler, sjølv om det berre er Helge Husby og Arild Hoksnes som spelar fele. To av melodiane på plata er eigenkomponerte. Resten er tradisjonsrik folkemusikk frå heile Møre og Romsdal. Hørkelgaddan fekk Spellmannsprisen for «Tøffelmusikk». Helge Husby var i Australia da utdelinga av prisen gjekk føre seg. Han fekk meldinga om at gruppa hadde fått Spellmannsprisen 1981 over telefon, medan han stod og mjølka om morgonen.
"ØYASLÅTTAR" 1981
Denne plata produserte Hørkelgaddan sjøle. Opptaka føregjekk i NRK sitt studio. På «Øyaslåttar» finn vi slåttar som Andreas Nerbøstrand frå Aukra i Romsdal har lært «gaddan». Nerbøstrand spelar saman med Hørkelgaddan på denne plata. «Øyaslåttar» er den einaste plata til Hørkelgaddan utan musikk frå Nordmøre. Likevel vart dette den Hørkelgadd-plata som selde best, men akkurat kor mange eksemplar som vart selde er vanskeleg å seia.
"ALLE LOPPER SOM MOR HAR" 1985
"Alle lopper som mor har" var den første norske folkemusikkplata for born. På denne plata er det bameviser, både nye og gamle, frå Møre og Romsdal. Av eigenkomponerte tilskott er mellom andre «Marsj til å bli gift av» av Helge Husby. Sunndal kommune vedtok å kjøpa heile 400 eksemplar av barneplata til bruk i skular og barnehagar, og til utlån i Sunndal Folkebibliotek. Norsk Kassettavgiftsfond støtta plateutgjevinga med 25.000 kr. Produsent for «Alle lopper som mor han>, som kom frå Plateselskapet A/S, var Henning Sommerro. Under innspelinga spela alle «gaddan» samstundes, men lydisolert frå kvarandre og på kvart sitt spor. Kontakt hadde dei berre gjennom høyretelefonar.
"ØRSALMUSIKKEN" 1991
Dette er den siste plata frå Hørkelgaddan som har komme ut til no. Som namnet seier inneheld plata Ørsalmusikk. Hallvard Ørsal— største spelemannen på Nordmøre — mora Ane og sonen Trygve, har til saman med åtte sjøllaga slåttar. Dei andre slåttane på plata er tradisjonell musikk som familien Ørsal ikkje har laga sjøl. Det er musikk dei har teke vare på. «Storpolsdansen» er eit NRK- opptak med Trygve Ørsal frå 1981. Også denne plata vart produsert på moderne måte med mange spor, men her vart eitt og eitt instrument og ei og ei stemme spela inn. Da har ein berre ein enkel bass på øyret, for å halda rett tempo. Produksjonen gjekk over eit par år med mange turar i studio. «Ørsalmusikken» er den første plata til gruppa som også kom på CD (og MC). Alle dei andre har vore på LP og MC (unnateke «øyaslåttar», som berre kom på MC). Heile prosjektet «Ørsalmusikken» vart redda av at Statens innkjøpsordninger kjøpte det opp.

Konsertar, turar og turnear

Nordmørskonsert, Nordmøre 1979
Denne konsertturneen var det Oppsong som stod for. Attåt Hørkelgaddan deltok ein annan av aktørane på den første Oppsong-plata, Eva Peggy Stensønes. Vårsøg og Stig Nilsson var også med. Desse konsertane vart haldne for å få aksjekapital til Oppsong A/S. I Driva vart aktørane omtala som «dei fire store».
Rikskonsert-turne, Møre og Romsdal 1980
Gruppa reiste rundt på ungdomsskular i heile Møre og Romsdal og presenterte skulekonsertprogrammet «Folkemusikk frA Møre og Romsdal». Dette var første gongen Rikskonsertane laga turne med fokemusikk frA Møre og Romsdal. Gruppa gjorde stor lykke med programmet sitt, og fleire stader fekk dei til og med trampeklapp.
Polen 1983
Hørkelgaddan var spelemenn for BUL Molde og Nordmøre Ungdomsiag på ein tur til Polen. Dette var midt i den verste perioden for polakkane, men dei hadde spinkaog spara for å taka i mot gjestene frå Noreg. Under opphaldet i Polen hadde Hørkelgaddan fleire konsertar. 28 folkedansarar frå BUL og Nordmøre Ungdomslag var med. Turen var ein gjenvisitt til dansegruppa Halka som hadde vitja Nordmøre året før.
Umeå, Sverige 1989
Hørkelgaddan representerte Noreg under ein nordisk folkemusikkfestival. Svenskane lika godt den norske folkemusikken. På annonseplakatane stod det: «Hørkelgaddan, norska nyskapare på elitnivå».

Andre spelejobbar som gruppa har hatt (attåt fleire hundre dansespelingar):
Landsmøtet i Noregs Mållag på Tingvoll 1977
Landsstemnet i Noregs Ungdomslag på Molde 1982
Ei veke under Harstad-dagane 1982
Ei vekes turne på «Fylkesbåten» i 1986
Landsmøtet i Senterpartiet i Ålesund 1987
Kjelder:
Munnleg kjelde: Helge Husby.
Skrift lege kjelder: Avisa Driva
Spelemanns bladet
Danse, danse, dele (1981)
Plater og kassettar til Hørkelgaddan

Særoppgåve i musikk ved Tingvoll barne- og ungdomsskole 8. klasse våren 1994.
Publisert i "Du mitt Nordmøre"